A10

Korleis høyre sårbare eldre si stemme?

Forfattere: Kari Kaland Vestbøstad1, Trine Oksholm2

1. Betanien Rehabilitering og Sykehjem 2. VID Vitenskapelige Høgskole

E-post: karika.vestbostad@gmail.com; trine.oksholm@vid.no

 

Tittel: Korleis høyre sårbare eldre si stemme? Helsearbeidarar sine erfaringar med forhandssamtalar med eldre i kommunehelsetenesta

Bakgrunn Dette er ein studie frå ei masteroppgåve i palliasjon (klinisk sjukepleie) ved VID. Systematiske forhandssamtalar er relativt nytt i Norge. Hensikta med studien var å få utdjupande skildringar frå helsepersonell som har erfaring med forhandssamtalar, til nytte for andre føretak i kommunehelsetenesta som ynskjer å implementere slike samtalar.

Metode Det er nytta kvalitativ metode med semistrukturerte intervju. Utvalet bestod av to legar og fem sjukepleiarar som har lang erfaring med forhandssamtalar. Data blei analysert med innhaldsanalyse basert på Graneheim og Lundman.

Resultat Analysen enda i fire tema. Første tema er at tillit og tryggleik mellom helsepersonell og pasient og pårørende er nødvendig for at pasienten skal opne opp i samtalen. God førebuing av samtalane og ein tillitsrelasjon er viktig. Andre tema er at forhandssamtalar må prioriterast i tide. Samtalane bør komme før den eldre mister fysisk eller kognitiv evne til å kunne komme med sine ynskjer for framtidig pleie og behandling. Tredje tema er at helsepersonell treng kompetanse, erfaring og mot til å snakke med pasienten om det vanskelege. Siste tema er at dokumentasjon av samtalane har stor nytte ved pasientoverføringar.

Konklusjon Helsearbeidarar frå studien meiner at systematiske forhandssamtalar bør vere eit tilbod til alle sårbare eldre med kroniske sjukdommar. Simulering av slike samtalar kan vere ein god måte å trene på. Det at eksistensielle tema ofte tas opp i samtalane, gjer at mange pasientar får eit meir fredfullt forlaup inn mot døden.

Forrige
Forrige

A9

Neste
Neste

A11