A20
Den åndelege dimensjonen: Kva gir styrke og mot hos pasientar med livstruande sjukdom?
Forfattere: Elisabeth Romarheim1, Sidsel Ellingsen2
1. Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest, Haukeland universitetssjukehus 2. VID Vitenskapelige Høgskole
E-post: elisabeth.romarheim@gmail.com; sidsel.ellingsen@vid.no
Tittel: Den åndelege dimensjonen: Kva gir styrke og mot hos pasientar med livstruande sjukdom?
Bakgrunn Inkludering av den åndelege dimensjonen er eit nøkkelprinsipp i palliativ behandling, pleie og omsorg. Likevel tyder studiar på at dette er den mest forsømte dimensjonen, sjølv om helsepersonell har ansvar for å ivareta heile pasienten og skal understøtte ressursar, meistring, håp og livsmot hos pasienten.
Denne intervjustudien blei gjort som ledd i det internasjonale iLIVE-prosjektet, som undersøkte ønske, forventningar og preferansar hos pasientar med langkommen, alvorleg sjukdom.
Mål: Å få utvida forståing for kva som gjev pasientar med livstruande sjukdom styrke og mot.
Metode Semistrukturerte intervju med pasientar med livstruande sjukdom. 2 kvinner, 3 menn, 3 > 65 år. Alle kreft som hovuddiagnose. Materialet blei analysert med fenomenologisk-hermeneutisk metode.
Pasientane gav skriftleg informert samtykke. Studien var godkjend av REK.
Funn Analysen resulterte i fire hovudtema: Eigen ryggsekk, Å bety noko for andre, Å kvile i noko, Livgjevande inntrykk. Eigen ryggsekk var basert på eigen personlegdom og erfaringar frå tidlegare liv. Å bevare bevisstheita og individualiteten var avgjerande. Å bety noko for andre handla både om å vere viktig for andre og å bidra på ulike måtar. Å kvile i noko var forbunde med å ha alt oppgjort, å ha ei tru, eller å kjenne seg trygg. Inntrykk frå noko utanfor seg sjølv var livgjevande for pasientane.
Konklusjon Den åndelege dimensjonen famnar vidt. Pasientane i denne studien kunne finne styrke og mot i den dei var som person, og gjennom å bidra og kjenne seg viktig, men fekk også tilført styrke frå noko utanfrå, til dømes gjennom livssyn og relasjonar.