A39

Legar i primærhelsetenesta si rolle ved førehandssamtalar i palliativ fase i Noreg – ein pilotstudie

Forfattere: Sølvi Anne Eide Lunde1, Merete Røthing1, Nina Elisabeth Hjorth2,3,4

1. Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Fakultet for helse- og sosialvitskap, Høgskulen på Vestlandet, Haugesund 2. Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest, Helse Bergen 3. Smerte- og palliasjonsavdelinga, Helse Bergen 4. Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen

E-post: Solvi.lunde@hvl.no;  Merete-r@haugnett.no; nina.elisabeth.hjorth@helse-bergen.no

 

Tittel: Legar i primærhelsetenesta si rolle ved førehandssamtalar i palliativ fase i Noreg – ein pilotstudie

Bakgrunn Nasjonale retningsliner tilrår førehandssamtalar. For å auke kunnskapen om bruken av førehandssamtalar, utforska me erfaringar med og refleksjonar om førehandssamtalar i palliativ fase hos legar i primærhelsetenesta i ein mellomstor norsk kommune i ein pilotstudie.

Metode Me har nytta eit kvalitativt studiedesign med fokusgruppeintervju av fem legar. Intervjuet vart tatt opp, transkribert, anonymisert og analysert ved systematisk tekstkondensering.

Førebels resultat Legane erfarte at rolla deira i eit palliativt pasientforløp var uklar, og dei mangla rutine for involvering i førehandssamtalar. Tre hovudtema vart identifiserte:

-        verdien av førehandssamtalar i den palliative fasen

-        barrierar og tilretteleggarar for førehandssamtalar

-        organisatoriske faktorar i palliativ fase

Førebels konklusjon Legane i pilotstudien ønskte ei tydelegare rolleavklaring og tidleg involvering i palliative pasientforløp. For å styrke legane i bruk av førehandssamtalar, må opplæring i klinisk kommunikasjon og førehandssamtalar styrkast. Førehandssamtalar bør initierast tidleg og gjentakast regelmessig ved vendepunkt i pasientforløpet for å bli kjent med pasient og evt. pårørande sine tankar om situasjonen og framtida. Det er behov for meir forsking om faktorar som kan styrke legane si rolle i bruk av førehandssamtalar i kommunehelsetenesta. 

Forrige
Forrige

A36

Neste
Neste

A40