A15

Interkommunalt palliativt team (IKPT): "kortreist" palliasjon på allmennmedisinsk grunnlag

Forfattere: Aasmund Storebø1, Odd Jarl Kvamme

1. Interkommunal døgnavdeling IDA, Stord kommune

E-post: aasmund.storebo@stord.kommune.no; odd.kvamme@knett.no

 

Tittel: Interkommunalt palliativt team (IKPT): "kortreist" palliasjon på allmennmedisinsk grunnlag

Bakgrunn Den interkommunale KAD-avdelinga (IDA) i Sunnhordland har arbeidd med å betra kvaliteten av lindrande behandling forankra i primærmedisinske prinsipp.
Eit av tiltaka var utprøving av interkommunalt palliativt team (IKPT).
Interkommunale palliative team er til no ikkje utprøvt i Norge.
Vår hypotese var at teamet kunne komplettere tilbodet om palliative tenester og betra samhandlinga mellom kommune og sjukehus.
IKPT gav bistand til kommunalt helsepersonell, med låg terskel for heimebesøk, kompetanseoverføring og involvering av fastlege.

Metode Team-medlemmer var avdelingsoverlege og sjukepleiar ved IDA i 20 prosent stillingar.
Henvising med problemstillingar og hastegrad frå lege eller andre i samråd med lege. Henvising var elektronisk, ofte etter telefonsamtale til teamet.
Hastegrad: RAUD: innan tre døgn. GUL: innan ei veke. GRØN: innan tre veker.
Fastlege, kreftkoordinator og sjukepleiar frå kommune vart invitert til å delta i heimebesøk/konsultasjon.
Data vart registrert anonymt. Journalnotat sendt elektronisk til fastlege.

Resultat Tidsrom: September 2022-november 2023. Inkludert 26 pasientar.
Pasientar og pårørande var tryggare i heimesituasjonen.
35 prosent av inkluderte døydde i heimen.
Sjukepleiarar var fagleg sikrare med IKPT i ryggen.
Fastlegar fekk fagleg hjelp og avlastning.

Konklusjonar KAD-avdelinga IDA har etablert seg som ein ressursbase for palliasjon.
IKPT fyller eit tomrom i behandlingskjeda.
IKPT avlastar palliativt team Helse Fonna og lokalsjukehuset.
Interkommunal organisering med palliative team bemanna med helsepersonell frå primærhelsetenesta er ein organisasjonsmodell for mindre kommunar. Erfaringar frå forsøket kan ha generaliseringsverdi.

Forrige
Forrige

A12

Neste
Neste

A16